Klinikk Nupen AS opnar igjen for fysiske behandlingstiltak frå og med 20.4.20. Helsemyndigheitene har imidlertid pålagt alle behandlarar forsterka smittevernstiltak i form av desinfeksjonsrutinar og auka pausar mellom kvar pasienttime.
Ein må også vere nøye med inntak av pasientar som KAN vere smitta av koronavirus;- så skulle du ha noko teikn på sjukdom i form av:

  • FORKJØLING / LUFTVEGSINFEKSJON/ VONDT I HALSEN
  • FEBER / REDUSERT ALMENTILSTAND
    Eller:
  • Vore i kontakt med KORONASMITTA eller personar i KARANTENE
  • Vore i UTLANDET siste 14 dagar.
Så ta kontakt først pr telefon, e- post eller sms. Så får vi vurdere timeavtale pr. videokonsultasjon , telefon eller om du skal møte opp fysisk.

Er du ein av dei som fekk stopp i dine planlagde behandlingstiltak i midten av mars vert du snart kontakta for ny time, men p.g.a. dei nye rutinar må du kanskje vente litt. Vi ber om forståing for det, men skulle det vere noko akutt forverring ber vi deg ta kontakt snarast.

Er du NY pasient, ber vi deg om å ta kontakt via E – post eller sms / melding og du vert oppsett på time så snart det er ledig plass.

I mellomtid: Ver aktiv med øvingar / trening og andre tiltak du har fått info om. Dette går over 😊……

Kva tilbyr vi?

Klinikk Nupen AS er spesialist på muskel- og skjelettsystemet, og kan hjelpe ved dei fleste plager her.
Om naudsynt kan vi rekvirere både MR, røntgen samt henvise vidare til spesialistsystemet. Vi sjukmelder også ved behov.
Vi er primærkontakt i helsevesenet. Det betyr at du ikkje treng tilvising frå lege før du tek kontakt med oss. Du har likevel vanleg trygderefusjon. Vi har avtale med Helfo.

I tillegg har vi formell osteopatikompetanse, som betyr at vi kan hjelpe med funksjonsproblem i øvrige kroppssystem - eksempelvis funksjonelle fordøyelsesplager, menssmerter og ymse smertetilstandar.
Kombinasjonen manuellterapi og osteopati er ofte effektiv; -noko som medfører færre behandlingar totalt, og dermed lavare økonomisk belastning for brukaren.
Vi har også kunnskap og erfaring i undersøking og behandling av barn og spedbarn, og kan hjelpe ved funksjonelle problem som kolikk, uro, motoriske avvik og søvnproblem.

Vi behandlar

  • Nakke-, skulder- og armsmerter
  • Hodepine og migrene
  • Rygg- og hoftesmerter
  • Bekkenløsning
  • Svimmelheit
  • Nummenheit i bein og armar
  • Kolikk, uro og søvnproblem hos barn
  • Funksjonelle fordøyelsesproblem
  • Idrettsskader

Om manuellterapi

Manuellterapi handlar om å diagnostisere, informere og ikkje minst behandle plager og funksjonsproblem i muskel- og skjelettsystemet.
Les meir om manuellterapi her.

Om osteopati

Osteopaten går i dybden for å finne årsaka til problemet, som ikke alltid er der symptom og smerter viser seg.
Les mer om Osteopati her